Søk
pastasalat, rømmedressing og skinke

Pastasalat med rømmedressing og skinke

Pastasalat er så godt. Denne varianten er frisk og syrleg. Snadder til lunsj saman med eit godt brød. Gjerne foccacia.

Ingrediensar

4 porsjoner makaroni

 

1 beger rømme

1 pose mayones

6 ss saft frå sylteagurk

4 ss saft frå sitron

Salt og pepar

 

1/2 glas sylteagurk

1/2 raud lauk

1/2 purre lauk

1-2 fedd kvitlauk

1 stk raud paprika

1 boks bogskinke

1 boks maiskorn

Slik gjer du

Kok pasta etter anvisning på pakken. Den skal vere al dente. Sil av vatnet og la den avkjøle seg.

Lag dressing i ei stor skål. Ha i rømme og mayones. Smak til med salt og pepar, meir saft frå sylteagurk og sitron om du ynskjer meir syre.

Finhakk sylteagurk, raud lauk, purre lauk, kvitlauk, raud paprika og bogskinke. Alt skal i dressingen. Hell av laken frå maiskorn, og ha i. Bland alt sammen, og vend inn pastaen.

Server med eit godt brød til.

Teknisk info om innlegget

Liknande oppskrifter