Om meg
Mitt navn er Helga Kvamme . Eg er 26 år gammal og kom til verda sommaren i 1993. Eg vaks opp på eit lite småbruk på Åram på Sunnmøre saman med foreldre og ein søskenflokk på tre. Eg hadde tilgang til frukt og bær i hagen og vi laga både saft og syltetøy. På kjøkkenet er mamma av den typen som lagar den same kaka om igjen til ulike anledningar. Pappa derimot brukar det han kallar ein «dæsj». Han følger sjeldan oppskrifta og likar å eksperimentere seg fram. Han slaktar sjølv, og pinnekjøttet vi har på julaften er frå eigen gard. Det er alltid god mat å få når eg er heime på Åram.
Eg er personleg kristen, den jordnære, tolmodige typen som alltid har litt for god tid. Interessa for mat er stor og eg elskar å prøve ut nye oppskrifter og smakar. Eg er kreativ, likar søm og strikk, spelar gitar og syng, men får også god bruk for kreativiteten min innan matlaging. I 2016 starta eg som bakarlærling hjå Godt brød (bakeriet i Vestretorggaten) i Bergen. Sommaren 2018 tok eg fagbrev og flytta til Nordfjordeid. Her fekk eg jobb som bakar hos Minibakeriet i den koselege Eidsgata.
Denne matbloggen vart oppretta etter eit ynskje om å samle favorittoppskriftene mine digitalt og lett tilgjengeleg. Eg håpar at denne bloggen vil vere til inspirasjon og gi gode matopplevingar til deg som lesar.
![](https://helgasmatblogg.no/wp-content/uploads/2019/11/Asset-4-768x171.png)
![Helga Kvamme](https://helgasmatblogg.no/wp-content/uploads/2019/09/helga-bilde-1024x1024.jpg)