- 1 porsjon
- 30 minutt
Ingrediensar
4 porsjoner makaroni
1 beger rømme
1 pose mayones
6 ss saft frå sylteagurk
4 ss saft frå sitron
Salt og pepar
1/2 glas sylteagurk
1/2 raud lauk
1/2 purre lauk
1-2 fedd kvitlauk
1 stk raud paprika
1 boks bogskinke
1 boks maiskorn
Slik gjer du
Kok pasta etter anvisning på pakken. Den skal vere al dente. Sil av vatnet og la den avkjøle seg.
Lag dressing i ei stor skål. Ha i rømme og mayones. Smak til med salt og pepar, meir saft frå sylteagurk og sitron om du ynskjer meir syre.
Finhakk sylteagurk, raud lauk, purre lauk, kvitlauk, raud paprika og bogskinke. Alt skal i dressingen. Hell av laken frå maiskorn, og ha i. Bland alt sammen, og vend inn pastaen.
Server med eit godt brød til.