- 1 kake
- 2.5 timar
Ingrediensar
6 stk. eggekviter
400 g sukker
2 ts maisenna
2 ts kvitvinseddikk
1-2 ts vaniljesukker
3 dl kremfløyte
1 ss sukker
Vaniljekrem
Druer
Blåbær
Jordbær
Melis
Slik gjer du
Finn fram alt du trenger og vei opp. Det er viktig at ingrediensane er romtempererte og at utstyret du brukar er reint. Da vil du sikkre deg eit optimalt resultat.
Skill eggekvitene frå eggeplommene ein om gangen og hell så over i bakebollen. Dette er for og unngå at det kommer feit i kontakt med eggekvitene. Da vil ikkje marengsen bli stiv.
Pisk eggekviter stive og tilsett kvitvinseddik. Ha i litt av sukkeret omgangen medan du visper. Tilsett maisenna og vaniljesukker, når det har blanda seg godt og du har ein stiv marengs er den ferdig. Ha eit bakepapir i ei langpanne og smør marengsen utover i ein sirkel. Du kan godt lage ei lita grop i midten slik at du kan fylle den med krem.
Forvarm omnen til ca. 100 grader og steik marengsen på nederste rille i ca. 2 timar. Avkjøl før du pyntar den. Det kan vere lurt å lage botnen dagen før du skal bruke den. Dekker du den til og oppbevarer den riktig, vil den halde seg godt i fleire veker. Du kan og fryse den ned og ta opp når du trenger den.
Pisk kremfløyte i ein kald bolle med litt sukker til nesten stiv krem, og vend inn vaniljekremen. Ha kremen over marengsbotnen og pynt med frukt og friske bær. Topp med eit melisdryss.